Vedtekter

Vedtatt av stiftingsmøtet 13.01.2025,
sist revidert av ekstraordinær generalforsamling 24.04.2025:

§ 1. FØRETAKET SITT NAMN

Selskapet sitt føretaksnavn er Nye Hjelmeland Samfunnshus AS.

§ 2. FØREMÅL

Selskapet sitt føremål er å drifta og forvalta Hjelmeland Samfunnshus, som møteplass og kulturarena for frivillige lag og organisasjonar i Hjelmeland kommune, samt anna verksemd som naturleg fell under dette.

§ 3. VERKSEMD

Selskapet skal drivast som eit ideelt aksjeselskap, utan erverv til føremål. 

§ 4. AKSJEKAPITAL

Selskapet sin aksjekapital er NOK 40.000 fordelt på 40 aksjar, kvar pålydande NOK 1.000.

§ 5. SÆRSKILTE KRAV TIL AKSJEEIGARAR

Aksjeeigarane må vera registrerte i Frivilligregisteret og bruka Hjelmeland Samfunnshus som møteplass og/eller kulturarena. Dersom det er fleire enn éin eigar, kan ingen eiga meir enn 50 prosent av aksjekapitalen.

§ 6. OVERDRAGING AV AKSJAR

Overdraging av aksjar i selskapet krev samtykke frå styret. Styret kan berre samtykka til overdraging av aksjane dersom ervervaren sitt føremål med ervervet er i tråd med selskapet sitt føremål, og dersom vederlaget for aksjane samsvarer med den pålydande verdien av aksjane.

§ 7. DISPONERING AV OVERSKOT

Overskotet av selskapet si verksemd blir delt ut til dei frivillige laga som eig selskapet. Det er ein føresetnad at utbyttet blir fastsett og delt ut i samsvar med krava i den til ei kvar tid gjeldande aksjelovgjeving.

§ 8. STYRET

Generalforsamlinga kan vedta å oppretta ein valkomité, som skal vera uavhengig av aksjonærane og selskapet si leiing.

Dersom det ikkje er oppretta valkomité, skal aksjonærane sjølv føreslå styremedlemmer. Forslag til styremedlemmer skal sendast til styret innan ein frist som styret sjølv fastset.

Generalforsamlinga vel minst halvparten av styremedlemmene, medrekna styreleiar, og ingen av desse kan ha eigarinteresser i selskapet.

Aksjeeigarar som eig minst 10 aksjar har rett til å velja éin representant og éin vararepresentant til styret.

Styret skal konstituera seg sjølv på det første møtet etter generalforsamlinga, og deriblant utnemna nestleiar og andre særskilte roller.

§ 9. SIGNATUR

Selskapet blir forplikta av styreleiar og eitt styremedlem i fellesskap.

§ 10. UTDELING VED OPPLØYSING

Ved oppløysing av selskapet skal gjenverande midlar og formue delast ut til dei frivillige laga som eig selskapet. Det er ein føresetnad at utdelinga skjer i samsvar med krava i den til ei kvar tid gjeldande aksjelovgjeving.

§ 11. AKSJELOVA

Utover det som er bestemt i vedtektene, blir drifta av selskapet regulert av den til ei kvar tid gjeldande aksjelovgjeving.

keyboard_arrow_up