Kritikkverdige forhold
Alle gjester, medlemmer, styremedlemmer, tilsette og frivillige har rett til å seia frå om kritikkverdige forhold.
Eksempel på kritikkverdige forhold kan vera:
- Fare for liv og død: Situasjonar der folk ikkje er trygge, som brannfare, dårleg vedlikehald av bygningar eller utstyr som kan føra til skadar, eller manglande førstehjelpsutstyr og -opplæring.
- Fare for miljø: Praksisar som skadar miljøet, som feilaktig avfallshandtering, overdriven bruk av ikkje-fornybare ressursar, eller å la vera å følgja rutinar for ei meir miljøvennleg drift.
- Korrupsjon eller økonomisk kriminalitet: Ulovleg finansiell aktivitet som underslag, bestikking eller misbruk av organisasjonen sine midlar til personleg vinning.
- Misbrukt av makt og myndigheit: Misbruk av stilling eller makt for å manipulera avgjersler, utøva urettferdig påverknad eller utsetja andre for urettmessig diskriminering.
- Mobbing, trakassering eller uforsvarleg samarbeidsklima: Oppførsel som skaper eit utrygt eller fiendtleg samarbeidsmiljø, som mobbing, seksuell trakassering, eller anna psykisk eller fysisk trakassering.
- Brot på personopplysningstryggleiken: Uforsiktig eller ulovleg handtering av personleg informasjon, som lekkasje av sensitive data, manglande datatryggleik eller brot på personvernlova.
Kritikkverdige forhold skal løysast på lågast mogleg nivå. Ta kontakt med næraste leiar, eller andre som du har tillit til, for å varsla om kritikkverdige forhold.
Det er visse forhold som ikkje blir rekna som kritikkverdige, mellom anna
- forhold som berre gjeld for den enkelte sitt engasjement eller bidrag i verksemda, som for eksempel misnøye med tildelte frivillige oppgåver.
- usemje om organisasjonen sine prioriteringar, strategiar eller organisatoriske val.
- ytringar som ikkje bryt med organisasjonen sine etiske retningslinjer.
Slike forhold bør takast opp gjennom andre kanalar enn å varsla om kritikkverdige forhold, til dømes ved å drøfta innspel/forslag med næraste leiar eller føreslå ei sak for årsmøtet.