Booking
Husleiga inkluderer utvask, men det er forventa at leigetakar ryddar lokalet og feiar golvet, samt tek eventuell oppvask og kastar søppelet i konteinaren på utsida.
Merk
- Særskilt rabatt med frivillige lag og organisasjonar som høyrer til i Hjelmeland kommune: vanlegvis 50 prosent avslag på ordinære leigesatsar. Ta kontakt med dagleg leiar Anders Smith på tlf. 906 62 985 eller post@hjelmeland-samfunnshus viss du vil be om eit pristilbod.
- Ved utleige til same leigetakar over to eller fleire dagar, der den eine dagen blir brukt til klargjering, rigging eller liknande, blir det fakturert halv leigesats for den første dagen.
- Kulturprodusentane har einerett til servering av alkohol på opne arrangement på Hjelmeland Samfunnshus. På lukka, private arrangement er det ikkje krav om skjenkeløyve, så lenge ein ikkje tek betalt for drikkevarene.
- Kjellarstova kan ikkje bookast i dette skjemaet. Ta kontakt med dagleg leiar Anders Smith på tlf. 906 62 985 eller post@hjelmeland-samfunnshus viss du ynskjer å leiga Kjellarstova, for å sjekka kva som er mogleg.
