Etiske retningslinjer
Hjelmeland Samfunnshus SA er under avvikling, og skal driva Samfunnshuset til og med 28.02.2025.
Frå og med 01.03.2025 skal eit nytt selskap driva Hjelmeland Samfunnshus vidare.
Hjelmeland Samfunnshus SA ynskjer å skapa eit inkluderande, aktivt og levande samfunnshus, som bidrar positivt i lokalsamfunnet. Dei etiske retningslinjene våre gjeld for både styret, tilsette og frivillige:
- Etisk grunnprinsipp: Me skal vera ansvarlege, lovlydige, upartiske, uavhengige, inkluderande og medmenneskelege i alle delar av verksemda.
- Deltaking i lokalsamfunnet: Me skal bidra til å byggja fellesskap i lokalsamfunnet gjennom å arrangera og leggja til rette for aktivitetar og kulturarrangement.
- Ansvar og effektivitet: Me skal syta for at verksemda blir driven i samsvar med føremålet, og sikra effektivitet ved å samarbeida med lokale partnarar og andre organisasjonar.
- Tryggleik: Me skal sikra eit trygt miljø og sikre rammer for alle som deltar i organisasjonen sine aktivitetar, inkludert forbod mot seksuell utnytting og bruk av rusmiddel.
- Respekt: Me skal behandla alle med respekt, fremja mangfald og likskap, samt unngå handlingar som kan oppfattast som mobbing, trakassering, misbruk, diskriminering eller utnytting.
- Personleg integritet: Me skal utføra alt arbeid med personleg integritet og ærlegheit, utan å utnytta verksemda med uærlege hensikter eller korrupte praksisar.
- Økonomisk ansvar: Me skal ha ei ansvarleg forvalting av eigedom, eigendelar og økonomiske midlar, oppretthalda tillit, og vera gjennomsiktige i økonomisk styring og rapportering.
- Openheit og innsyn: Me skal vera opne og ærlege om verksemda sine strukturar, mål og aktivitetar, samt sikra offentlegheita tilgang til nødvendig informasjon.
- Nøyaktig informasjon: Me skal vera nøyaktige og presise i presentasjon og tolking av data og informasjon, særleg i offentleg kommunikasjon.
- Etiske innkjøp: Me skal handla i tråd med organisasjonen sine interesser når det gjeld innkjøp og leverandørar, samt unngå interessekonfliktar.