Hjelmeland Samfunnshus SA er eit samvirkeføretak som har som føremål å drifta og leiga ut Hjelmeland Samfunnshus, samt arrangera kulturarrangement og sosiale samkomer i eigen regi.

Arbeidet vårt skjer på frivillig basis, og alt overskot går til videre drift og vedlikehald av Samfunnshuset og ulike kulturarrangement. Du kan lesa meir om aktivitet og resultat i årsmeldingar og rekneskapar.

Samarbeid

Hjelmeland Samfunnshus SA har signert avtale med Hjelmeland kommune om å drifta storstove og kulturhus for innbyggjarar og gjester i Hjelmeland-samfunnet, samt ansvar for å drifta Ungdomsklubben og Bygdekinoen Hjelmeland.

Hjelmeland Samfunnshus SA er medlem av Ungdom og Fritid, gjennom vårt arbeid med Ungdomsklubben.

Hjelmeland Teater er vår viktigaste leigetakar. Hjelmeland Teater har som føremål å underhalda og driva amatørteater i Hjelmeland, og dei har øvingar på Samfunnshuset kvar veke i skuleåret.

Gjennom samarbeidet med Film & Kino, viser Bygdekinoen to nye kinofilmar på Hjelmeland Samfunnshus kvar månad. Kinotilbodet blir drive med økonomisk støtte frå Hjelmeland kommune.

Styret for 2022/2023

Ole Henrik Olsen – styreleiar
Marianne Hausken Olsen
Harald Krokedal
Mette Katrine Bjørk Ingvaldstad
Kolbjørn Pedersen

Driftsleiar

Morten Hetland