Vedtekter for
Nye Hjelmeland Samfunnshus AS
Vedtatt av stiftingsmøtet 13.01.2025:
§ 1. FØRETAKET SITT NAMN
Selskapet sitt føretaksnavn er Nye Hjelmeland Samfunnshus AS.
§ 2. FØREMÅL
Selskapet sitt føremål er å drifta og forvalta Hjelmeland Samfunnshus, som møteplass og kulturarena for frivillige lag og organisasjonar i Hjelmeland kommune, samt anna verksemd som naturleg fell under dette.
§ 3. VERKSEMD
Selskapet skal drivast som eit ideelt aksjeselskap, utan erverv til føremål.
§ 4. AKSJEKAPITAL
Selskapet sin aksjekapital er NOK 40.000 fordelt på 40 aksjar, kvar pålydande NOK 1.000.
§ 5. SÆRSKILTE KRAV TIL AKSJEEIGARAR
Aksjeeigarane må vera registrerte i Frivilligregisteret og bruka Hjelmeland Samfunnshus som møteplass og/eller kulturarena. Dersom det er fleire enn éin eigar, kan ingen eiga meir enn 50 prosent av aksjekapitalen.
§ 6. OVERDRAGING AV AKSJAR
Overdraging av aksjar i selskapet krev samtykke frå styret. Styret kan berre samtykka til overdraging av aksjane dersom ervervaren sitt føremål med ervervet er i tråd med selskapet sitt føremål, og dersom vederlaget for aksjane samsvarer med den pålydande verdien av aksjane.
§ 7. DISPONERING AV OVERSKOT
Alt overskot av selskapet si verksemd skal gå til vidare drift og forvalting av Hjelmeland Samfunnshus. Selskapet skal ikkje dela ut utbytte til eigarane.
§ 8. STYRET
Generalforsamlinga kan vedta å oppretta ein valkomité, som skal vera uavhengig av aksjonærane og selskapet si leiing.
Dersom det ikkje er oppretta valkomité, skal aksjonærane sjølv føreslå styremedlemmer. Forslag til styremedlemmer skal sendast til styret innan ein frist som styret sjølv fastset.
Generalforsamlinga vel minst halvparten av styremedlemmene, medrekna styreleiar, og ingen av desse kan ha eigarinteresser i selskapet.
Aksjeeigarar som eig minst 10 aksjar har rett til å velja éin representant og éin vararepresentant til styret.
Styret skal konstituera seg sjølv på det første møtet etter generalforsamlinga, og deriblant utnemna nestleiar og andre særskilte roller.
§ 9. SIGNATUR
Selskapet blir forplikta av styreleiar og eitt styremedlem i fellesskap.
§ 10. UTDELING VED OPPLØYSING
Ved oppløysing av selskapet skal gjenverande midlar og formue delast ut til allmennyttige føremål, primært til føremål som er tilknytta selskapet sitt føremål.
§ 11. AKSJELOVA
Utover det som er bestemt i vedtektene, blir drifta av selskapet regulert av den til ei kvar tid gjeldande aksjelovgjeving.