Ledig stilling:

Dagleg leiar

Fast stilling i inntil 25 % – mogleg auke til 100 % frå 2026 for den rette kandidaten

Nye Hjelmeland Samfunnshus AS søkjer ein positiv, engasjert og strukturert person til stillinga som dagleg leiar. Stillingsprosenten er inntil 25 %, og vil vera avhengig av arbeidstakar sine kvalifikasjonar og eigenskapar. Selskapet undersøker òg moglegheiter for å auka stillinga til inntil 100 % frå og med 2026.

Me tilbyr ein variert kvardag med stor grad av fleksibilitet. Som dagleg leiar vil du få ansvar for å vidareutvikla og sikra effektiv drift av Samfunnshuset. Du vil samarbeida tett med styret og dei frivillige laga som eig Samfunnshuset, og du kjem til å vera ein viktig ressursperson for styret, eigarane, samarbeidspartnarar og leigetakarar som ynskjer å bruka Samfunnshuset til sine aktivitetar.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for drift, økonomi og utleige av lokala
  • Oppfølging av leigetakarar og samarbeidspartnarar
  • Vedlikehald og innkjøp
  • Sikra inntekter gjennom tilskot, sponsoravtalar og utleige
  • Hjelpa styret med administrasjon og rapportering
  • Personalansvar for andre tilsette og frivillige
  • Hjelpa eigarane med administrative oppgåver etter behov

Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar

Me treng deg som

  • er utadvendt, positiv og har gode samarbeidsevner
  • er trygg og inkluderande
  • har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • har god økonomiforståing og kan læra deg å bruka våre datasystem
  • har erfaring frå organisasjonsarbeid (ein fordel, men ikkje eit krav)
  • kommuniserer godt både skriftleg og munnleg
  • er fleksibel – noko arbeid på kveldstid og helg må påreknast, men med høve til å styre eigen arbeidstid

Me legg vekt på å finna den søkjaren som er best eigna til å løysa flest mogleg av oppgåvene som ligg til stillinga.

Me tilbyr

  • Ein variert og spanande arbeidskvardag, med fleksibel arbeidstid og stor grad av fridom under ansvar
  • Samarbeid med eit engasjert styre, sponsorar, samarbeidspartnarar og dei frivillige laga som eig Samfunnshuset
  • Moglegheit for relevant kurs og kompetanseheving ved behov
  • Lønn etter avtale

Høyrest dette spanande ut? Vil du vera med på å staka ut kursen for den framtidige drifta av Samfunnshuset?

Send søknad seinast 25. februar 2025 på digitalt søknadsskjema.

For meir informasjon om stillinga, og kva arbeidsoppgåvene inneber, kan du ta kontakt med styreleiar Morten Hetland på tlf. 45 43 69 05 eller post@hjelmeland-samfunnshus.no.

Me gler oss til å få deg med på laget så snart som mogleg! Tiltreding etter nærare avtale, men målet er å ha ein dagleg leiar på plass seinast 1. juni 2025.

Velkommen som søkar!

Om arbeidsgjevaren

Nye Hjelmeland Samfunnshus AS blei stifta 14.01.2025 av dei frivillige laga som har sine faste aktivitetar på Samfunnshuset: Hjelmeland E-sport, Hjelmeland Teater, Kulturprodusentane og Lions Club Hjelmeland.

Frå og med 01.03.2025 skal Nye Hjelmeland Samfunnshus AS overta drifta av Hjelmeland Samfunnshus, som er «storstova» i Hjelmeland kommune. Selskapet sitt føremål er å drifta og forvalta Hjelmeland Samfunnshus, som møteplass og kulturarena for frivillige lag og organisasjonar i Hjelmeland kommune, samt anna verksemd som naturleg fell under dette.

Hjelmeland Samfunnshus disponerer og leiger ut fire allsidige lokale, som kan brukast til alt frå barneselskap og bryllaup, til konferansar og kulturarrangement. I løpet av dei neste åra skal lokala oppgraderast til dagens standard.

keyboard_arrow_up