Årsmelding for 2021

Om selskapet:

Hjelmeland Samfunnshus SA er eit non-profitt-føretak som driv utleige av Hjelmeland Samfunnshus til opne og lukka arrangement i regi av eksterne aktørar, samt arrangerer eigne kulturarrangement. Alle inntekter går til vidare drift, vedlikehald og oppgradering.

Styret:

Hjelmeland Samfunnshus SA har ikkje faste tilsette, med unntak av reinhaldar, klubbarbeidarar og vertsskap på kinovisningar på timeløn/honorar. Alt arbeid blir elles gjort på dugnad av styret og andre frivillige.

Årsmøtet i 2021 vart halde digitalt, på grunn av koronapandemien. Årsmøtet valde følgjande styremedlemmer: Leif Velde-Johannessen (styreleiar, 1 år), Marianne Hausken Olsen (nestleiar, 2 år), Morten Hetland (driftsleiar, 2 år), Edel Gausland (styremedlem, 1 år), Ole Henrik Olsen (styremedlem, 1 år), Krister Seljeset (1. vara, 1 år) og Oskar Ommundsen (2. vara, 1 år).

Styret har i 2021 hatt 1 styremøte og behandla 6 saker. Elles har styret eller arbeidsutvalet (styreleiar, nestleiar og driftsleiar) gjort nødvendige avklaringar i løpet av året. Styrearbeidet i Hjelmeland Samfunnshus har i 2021 vore sterkt prega av koronapandemien. Nedstenginga av samfunnet og ulike nivå av smitteverntiltak har gjort det vanskeleg å få gjennomført arrangement, og vanskeleg å få folk til å koma på dei arrangementa som lét seg gjennomføra. Styret har òg merka seg at leigemarknaden har stilna betydeleg. Styret har elles, som dei siste åra, hatt fokus på oppgradering og vedlikehald av samfunnshuset.  

Utvikling av resultat og stilling:
Nøkkeltal

(i heile tusen)

20212020201920182017201620152014
Driftsinntekter432466546385419405411481
Årsresultat-146-34-92-77951641-186
Totalkapital1.0341.1871.2531.2461.4601.2851.1941.235
Eigenkapital9681.1141.1471.2361.3321.238261234
Eigenkapitalandel94 %94 %92 %99 %91 %96 %22 %19 %

Driftsinntektene var vesentleg lågare i 2021 enn i 2020. Dette skuldast sviktande salsinntekter grunna pandemien. Leigeinntektene er omtrent som i 2020. Detaljrekneskapen viser at inntekter på utleige, sal av varer og sal av tenester er meir enn halvert, samanlikna med før pandemien.

Driftskostnadane har òg blitt kutta dei siste åra, men grunna auka kostnader til drift av lokale, verktøy, reparasjonar og vedlikehald i 2021, er resultatet betydeleg svekka samanlikna med føregåande år.

Rekneskapen for 2021 blir gjort opp med eit negativt driftsresultat på kr -145.620,12, mot kr -33.910,09 i 2020. Styret merkar seg at rekneskapen hadde blitt gjort opp med endå større underskot utan kommunalt driftstilskot og sponsormidlar frå næringslivet.

Avskrivingar i 2021 utgjer kr 143.756,09, mot kr 140.261,66 i 2020.

Driftsstøtte:

Hjelmeland Samfunnshus SA fekk kommunal driftsstøtte frå Hjelmeland kommune på kr 100.000 i 2021. Driftsstøtta blei vedtatt av kommunestyret i samband med budsjettet for 2018, 2019 og 2020. Den 24.08.2021 signerte me ein femårig driftsavtale med Hjelmeland kommune. I samband med driftsavtalen, er det òg gjeve opning for tenestekjøpsavtalar. Hjelmeland kommune betaler årleg kr 30.000 for drift av Ungdomsklubben, samt kr 30.000 for drift av Bygdekinoen Hjelmeland. Avtalen om Ungdomsklubben gjeld for tre år om gongen, medan avtalen om Bygdekinoen gjeld for eitt år om gongen.

Sponsorar:

Hjelmeland Samfunnshus SA har i 2021 hatt fem sponsoravtalar. Aluhak Systems AS er framleis A-sponsor. Hjelmeland Sparebank, Tytlandsvik Aqua AS og Hetland Media er B-sponsorar. PG Installasjon AS var A-sponsor våren 2021, og blei C-sponsor frå og med hausten 2021. Sponsoravtalane gjeld frå august til juli, og inntektene er periodiserte for å gje eit rettvist bilete av den økonomiske situasjonen. 

Teateret:

Hjelmeland Teater er eit samla amatørteaterlag for barn, ungdom og vaksne, og Hjelmeland Samfunnshus SA sin viktigaste samarbeidspartnar. Dei to laga har ei samarbeidsavtale, der forholdet mellom laga er regulert. 2021 var det 38. året med amatørteater på Hjelmeland Samfunnshus. Leigeinntekter frå Hjelmeland Teater var i 2021 på kr 56.826.

Kino:

I 2021 har det vore drift av kino på Hjelmeland Samfunnshus, eit arbeid som vart starta opp på hausten 2017. Bygdekinoen (v/Film & Kino) har inngått avtale om visning om to filmar kvar månad i heile 2021. Oppstarten av tilbodet blei finansiert av Frivilligfondet til Hjelmeland kommune, men har nå gått inn i ein ordinær avtale om tenestekjøp. I 2021 har det blitt vist 13 filmar, med eit gjennomsnitt på 37 betalande pr. film. Gjennomsnittet er litt høgare enn i 2020, men me har framleis for få besøkande til at kinodrifta blir ei gullgruve. Den første framsyningsdagen i januar 2021 blei avlyst grunna nasjonale smitteverntiltak. Framsyningane i mai blei det aldri noko av, sidan det ikkje kom publikum. I november var det 211 besøkande, altså den nest beste framsyningsdagen sidan tilbodet starta i 2018.

Faste aktivitetar:

I 2021 har det òg blitt planlagt tre faste aktivitetar: Ungdomsklubben (13–18 år), Spødakafé (alle alderstrinn) og pubkveldar.

I 2021 har det blitt arrangert ungdomsklubb åtte fredagskveldar – sju av dei på Hjelmeland Samfunnshus, og den siste i desember med idrettsaktivitetar i Hjelmelandshallen. Besøket på Ungdomsklubben er dalande, og me er nøydde til å jobba med å få opp eller få stabilisert besøkstalet.

Det blei arrangert éin pubkveld i samband med Hjelmeland Teater si framsyning av «Mannen: Bak fasaden» laurdag 20. november, med 10–12 besøkande.

Det har ikkje blitt arrangert strikkekveldar i 2021.

Oppsummering:

Styret meiner at årsmeldinga og årsrekneskapen gjev eit korrekt bilete av Hjelmeland Samfunnshus SA sin aktivitet, eigendelar og gjeld, finansielle stilling og resultat, dog prega av ein forhåpentlegvis midlertidig situasjon med pandemi og seinverknader av pandemien.

På bakgrunn av dette meiner styret at det er grunnlag for vidare drift, men understrekar viktigheita av å halda fram arbeidet med å kutta kostnader og auka inntektene ved å skapa og leggja til rette for stadig meir aktivitet på Hjelmeland Samfunnshus.

Hjelmeland, 31.12.2021/23.06.2022

Leif Velde-Johannessen
styreleiar

Edel Gausland
styremedlem

Marianne Hausken Olsen
nestleiar

Morten Hetland
driftsleiar

Ole Henrik Olsen
styremedlem

Årsmelding for 2020

Om selskapet:

Hjelmeland Samfunnshus SA er eit non-profitt-føretak som driv utleige av Hjelmeland Samfunnshus til opne og lukka arrangement i regi av eksterne aktørar, samt arrangerer eigne kulturarrangement. Alle inntekter går til vidare drift, vedlikehald og oppgradering.

Styret:

Hjelmeland Samfunnshus SA har ikkje faste tilsette, med unntak av reinhaldar, klubbarbeidarar og vertsskap på kinovisningar på timeløn/honorar. Alt arbeid blir elles gjort på dugnad av styret og andre frivillige.

Årsmøtet i 2020 vart halde digitalt, på grunn av koronapandemien. På årsmøtet vart det vald følgjande styremedlemmer: Leif Velde-Johannessen (styreleiar), Marianne Hausken Olsen (nestleiar), Morten Hetland (driftsleiar), Edel Gausland, Ole Henrik Olsen, Krister Seljeset (1. vara) og Oskar Ommundsen (2. vara).

Styret har i 2020 hatt 2 styremøte og behandla 11 saker. Elles har styret eller arbeids-utvalet (styreleiar, nestleiar og driftsleiar) gjort nødvendige avklarginar i løpet av året. Styrearbeidet i Hjelmeland Samfunnshus har i 2020 vore sterkt prega av koronapandemien. Nedstenginga av samfunnet og ulike nivå av smitteverntiltak har gjort det vanskeleg å få gjennomført arrangement, og vanskeleg å få folk til å koma på dei arrangementa som lét seg gjennomføra. Styret har elles, som dei siste åra, hatt fokus på oppgradering og vedlikehald av samfunnshuset. Det er laga til ein ny scene i bomberommet – Intimscenen – samt starta arbeidet med å laga øvingsrom for musikarar.  

Utvikling av resultat og stilling:
Nøkkeltal

(i heile tusen)

2020201920182017201620152014
Driftsinntekter466546385419405411481
Årsresultat-34-92-77951641-186
Totalkapital1.1871.2531.2461.4601.2851.1941.235
Eigenkapital1.1141.1471.2361.3321.238261234
Eigenkapitalandel94%92 %99 %91 %96 %22 %19 %

Driftsinntektene blei ein del lågare i 2020 enn i 2019. Dette skuldast sviktande leigeinntekter og billettsal grunna pandemien. Detaljrekneskapen visar at samanlikna med føregåande år, er leigeinntekter redusert med over 60 prosent, inntekter frå sal av varer med 40–50 prosent og inntekter frå billettsal med 60 prosent.

Driftskostnadane vart imidlertid òg kutta, slik at resultatet samla sett er betre enn dei to føregåande åra. Kostnadene er i stor grad faste utgifter til drift av Samfunnshuset, samt utgifter i samband med oppussing, innkjøp av nytt utstyr og reparasjonar på bygget, men òg auka utgifter til reinhald på grunn av strenge smitteverntiltak.

Rekneskapen for 2020 blir gjort opp med eit negativt driftsresultat på kr -33.910,09, mot kr -91 050,70 i 2019. Styret merkar seg at rekneskapen hadde blitt gjort opp med endå større underskot utan kommunalt driftstilskot og sponsormidlar frå næringslivet.

Avskrivingar i 2020 utgjer kr 140.260 mot kr 120.377 i 2019.

Driftsstøtte:

Hjelmeland Samfunnshus SA fekk kommunal driftsstøtte frå Hjelmeland kommune på kr 100.000 i 2020. Driftsstøtta blei vedtatt av kommunestyret i samband med budsjettet for 2020. Det same beløpet blei utbetalt i 2018 og 2019, utan at det ligg føre noko avtale mellom Hjelmeland kommune og Hjelmeland Samfunnshus SA. Styret ynskjer å gå i dialog med Hjelmeland kommune om å få på plass ein samarbeidsavtale.

Sponsorar:

Hjelmeland Samfunnshus SA har i 2020 hatt tre sponsoravtalar. Aluhak Systems AS og PG Installasjon AS er A-sponsorar og Hjelmeland Sparebank er B-sponsor. Sponsoravtalane gjeld frå august til juli, og inntektene er periodiserte for å gje eit rettvist bilete av den økonomiske situasjonen.

Teateret:

Hjelmeland Teater er eit samla amatørteaterlag for barn, ungdom og vaksne, og Hjelmeland Samfunnshus SA sin viktigaste samarbeidspartnar. Dei to laga har ei samarbeidsavtale, der forholdet mellom laga er regulert. 2020 var det 37. året med amatørteater på Hjelmeland Samfunnshus.

Kino:

I 2020 har det vore drift av kino på Hjelmeland Samfunnshus, eit arbeid som vart starta opp på hausten 2017. Bygdekinoen (v/Film & Kino) har inngått avtale om visning om to filmar kvar månad i heile 2020, og tilbodet er finansiert av Frivilligfondet til Hjelmeland kommune. I 2020 har det blitt vist 10 filmar, med eit gjennomsnitt på vel 33 betalande pr. film. Gjennomsnittet er på nivå med året før. Imidlertid starta året veldig bra, med eit gjennomsnitt på over 70 besøkande på kinodagar dei tre første månadane. Avlyste forestillingar og dårleg besøk på dei filmane vist på hausten trakk derimot ned.

Prosjektet fortsett også i 2021, men tal besøkane må opp på eit jamt høgare nivå dersom tilbodet ikkje skal bli lagt ned. Det bør også vurderast å få til ei avtale med Hjelmeland kommune om fast støtte til drift av kino.

Faste aktivitetar:

I 2020 har det òg blitt planlagt tre faste aktivitetar: Ungdomsklubben (13–18 år), Spødakafé (alle alderstrinn) og pubkveldar.

I 2020 har det vore arrangert månadlege kveldar med ungdomsklubb i dei periodane smitteverntreglane har opna for det, med godt besøk frå kommunen sine ungdommar. Smittevernreglane har gjort at det har vore strengare tilgangskontroll, auka vakthald og avgrensingar i tal på ungdommar som kan delta.

Det har ikkje blitt arrangere strikkekveldar og pubkveldar i 2020.

Oppsummering:

Styret meiner at årsmeldinga og årsrekneskapen gjev eit korrekt bilete av Hjelmeland Samfunnshus SA sin aktivitet, eigendelar og gjeld, finansielle stilling og resultat, dog prega av ein forhåpentlegvis midlertidig situasjon under pandemien.

På bakgrunn av dette meiner styret at det er grunnlag for vidare drift, men understrekar viktigheita av å halda fram arbeidet med å kutta kostnader og auka inntektene ved å skapa og leggja til rette for stadig meir aktivitet på Hjelmeland Samfunnshus.

Hjelmeland, 31.12.2020/02.07.2021

Leif Velde-Johannessen
styreleiar

Edel Gausland
styremedlem

Marianne Hausken Olsen
nestleiar

Morten Hetland
driftsleiar

Ole Henrik Olsen
styremedlem

Årsmelding for 2019

Om selskapet:

Hjelmeland Samfunnshus SA er eit non-profitt-føretak som driv utleige av Hjelmeland Samfunnshus til opne og lukka arrangement i regi av eksterne aktørar, samt arrangerer eigne kulturarrangement og sosiale møteplassar. Alle inntekter går til vidare drift, vedlikehald og oppgradering av Hjelmeland Samfunnshus. 

Tilsette og styret:

Hjelmeland Samfunnshus SA har hatt timelønna reinhaldar og klubbarbeidarar til Ungdomsklubben. Klubbarbeidarane har blitt finansierte av prosjektmidlar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Alt arbeid utanom dette blir gjort på dugnad.

På årsmøtet blei følgjande styremedlemmer valde: Leif Velde-Johannessen (styreleiar), Marianne Hausken Olsen (nestleiar), Morten Hetland (økonomiansvarleg), Edel Gausland, Krister Seljeset, Ole Henrik Olsen (1. vara) og Martin Bischoff (2. vara).

Styret har brukt veldig mange timar på å drifta Samfunnshuset det siste året, både til oppussing og eigne arrangement, og dette har gått på bekostning av meir regelmessige styremøte. Styret har i 2019 hatt eitt styremøte, der det blei behandla sju saker. I august var det òg planlagt styremøte, men sidan det berre var arbeidsutvalet som møtte, blei dette gjort om til eit arbeidsmøte, der ein planla og budsjetterte innspurten av dei pågåande oppussingsprosjekta i Foajéen, Storsalen og Loftstova.

Styret har elles, som dei siste åra, hatt fokus på oppgradering og vedlikehald av Samfunnshuset. I Storsalen er alle lysarmaturane i taket skifta ut, og veggane er malte. I tillegg er scenen utvida for å gi meir djupne og plass til dei medverkande, noko som vil legga tilhøva til rette for ein meir allsidig bruk av både scenen og Samfunnshuset.

For å takka for god innsats til dei mange frivillige som har vore innom Samfunnshuset i løpet av dei siste åra, arrangerte styret ein sommarfest i august.

Utvikling av resultat og stilling:
Nøkkeltal (i heile tusen)2019201820172016201520142013
Driftsinntekter582385419405411481441
Årsresultat-56-97951641-186-150
Totalkapital1.2531.2461.4601.2851.1941.2351.465
Eigenkapital1.1821.2361.3321.238261234420
Eigenkapitalandel94 %99 %91 %96 %22 %19 %29 %

Driftsinntektene blei noko høgare i 2019 enn i 2018, men driftskostnadane auka òg, slik at resultatet berre er marginalt betre enn året før. Dei auka kostnadane skuldast i stor grad utgifter i samband med oppussing, innkjøp av nytt utstyr og reparasjonar på bygget.

Rekneskapen for 2019 blir gjort opp med eit negativt driftsresultat på kr 56.050,70, mot eit negativt driftsresultat på kr 97.373,84 i 2018. Styret merkar seg at rekneskapen hadde blitt gjort opp med enda større underskot utan driftstilskotet frå Hjelmeland kommune og samarbeidsavtalane me har med tre lokale bedrifter.

Avskrivingar i 2019 utgjer kr 120.376,88, mot kr 100.863,76 i 2018.

Driftsstøtte:

Hjelmeland Samfunnshus SA fekk kommunal driftsstøtte frå Hjelmeland kommune på kr 100.000 i 2019. Driftsstøtta blei vedtatt av kommunestyret i samband med budsjettet for 2019. Det same beløpet blei utbetalt i 2017 og 2018, utan at det ligg føre noko avtale mellom Hjelmeland kommune og Hjelmeland Samfunnshus SA. Styret ynskjer dialog med Hjelmeland kommune om å få på plass ein samarbeidsavtale.

Sponsorar:

Hjelmeland Samfunnshus SA har inngått tre nye samarbeidsavtalar: Aluhak Systems AS og PG Installasjon AS er A-sponsorar i to år og Hjelmeland Sparebank er B-sponsor i eitt år.

Teateret:

Hjelmeland Teater er eit amatørteaterlag for barn, ungdom og vaksne, og Hjelmeland Samfunnshus SA sin viktigaste samarbeidspartnar. 2019 var det 36. året med amatørteater på Hjelmeland Samfunnshus. 

Dei to laga har regulert samarbeidet og forholdet mellom laga i ein eigen samarbeids-avtale, og har mellom anna observatørar i kvarandre sitt styre. Leif Velde-Johannessen har vore Hjelmeland Samfunnshus SA sin observatør i styret til Hjelmeland Teater, og Morten Hetland har vore Hjelmeland Teater sin observatør i styret til Hjelmeland Samfunnshus SA.

Kino:

I 2019 har det vore drift av kino på Hjelmeland Samfunnshus, eit tilbod som starta i januar 2018, etter mange år utan kino i Hjelmeland. Me har inngått avtale med Bygdekinoen (v/Film & Kino) om visning av to filmar kvar månad i 2019. Det blei vist 21 filmar, med eit gjennomsnitt på 33 betalande pr. film. 

Tala viser stor nedgang i besøkstalet samanlikna med året før, ikkje berre for Hjelmeland, men for heile Bygdekinoen. Dersom trenden med nedgang i besøkstalet held fram, må styret gjera ei grundig vurdering av kor realistisk det er å vidareføra dette tiltaket i framtida. Det einaste som bergar tilbodet med dagens driftsinntekter, er tilskotet frå Frivilligfondet til Hjelmeland kommune.

Faste aktivitetar:

Det har blitt arrangert Strikkekafé og pubkveldar med jamne mellomrom, om lag éin gong i månaden. Elles har Ungdomsklubben hatt månadlege treff, med ca. 3­0–40 frammøtte kvar gong. I perioden 09.2019–03.2020 gjennomfører me eit prosjekt i samarbeid med Hjelmeland kommune, der målet er å vidareutvikla Ungdomsklubben, samt å koordinera planlegginga mellom alle fredagstilboda for ungdommar i Hjelmeland. Prosjektet har blitt finansiert av midlar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. 

Større opne arrangement ved utleige:
  • 26. januar: Maleniusprisen 2018 – Hjelmeland Storband og Rygjaljom
  • 21.–13. mars: «Indianeren» – Hjelmeland Teater
  • 2.–3. mai og 9. juni: «Love og lykke» – Hjelmeland Teater
  • 17. mai: Nasjonaldagsfeiring for Askvik krins – 17. mai-komitéen i Askvik
  • 26. august: Politisk valmøte – Hjelmeland kommune
  • 6. september: Politisk valdebatt – Hjelmeland Bondelag
  • 1. november: «Kvindesland og Skjæveland: 10 år i utakt» – Hjelmeland kommune/Kulturhaust i Ryfylke (turnépremiere)
  • 8. november: «50 år – og like blid!» – Magnar Riveland
  • 1. desember: Julekonsert med lokale artistar – Hjelmeland kommune 
  • 14.–15. desember: «Putti Plutti Pott og Julenissens skjegg» – Hjelmeland Teater  
Oppsummering:

Styret meiner at årsmeldinga og årsrekneskapen gjev eit korrekt bilete av Hjelmeland Samfunnshus SA sin aktivitet, eigendelar og gjeld, finansielle stilling og resultat.

På bakgrunn av dette meiner styret at det er grunnlag for vidare drift, men understrekar viktigheita av å halda fram arbeidet med å kutta driftskostnader og auka inntektene ved å skapa og leggja til rette for stadig meir aktivitet på Hjelmeland Samfunnshus. 

Hjelmeland, 31.12.2019/25.06.2020

Leif Velde-Johannessen
styreleiar

Edel Gausland
styremedlem

Marianne Hausken Olsen
nestleiar

Morten Hetland
økonomiansvarleg

Krister Seljeset
styremedlem

Årsmelding for 2018

Om selskapet:

Hjelmeland Samfunnshus SA er eit non-profitt-føretak som driv utleige av Hjelmeland Samfunnshus til opne og lukka arrangement i regi av eksterne aktørar, samt arrangerer eigne kulturarrangement. Alle inntekter går til vidare drift, vedlikehald og oppgradering av Hjelmeland Samfunnshus. 

Styret:

Hjelmeland Samfunnshus SA har ikkje tilsette, med unntak av reinhaldar på timelønn. Alt arbeid blir elles gjort på dugnad av styret og andre frivillige.

Stig Almenningen trekte seg som styreleiar 3. april 2018, og Morten Hetland og Judith Synnøve Svendsen fungerte som høvesvis leiar og nestleiar fram til ordinært årsmøte, 7. juni 2018.

På årsmøtet vart det vald følgjande styremedlemmer: Leif Velde-Johannessen (styreleiar), Marianne Hausken Olsen (nestleiar), Morten Hetland (økonomiansvarleg), Edel Gausland, Krister Seljeset, Ole Henrik Olsen  (1. vara) og Martin Bischoff  (2. vara).

Styret har i 2018 hatt 5 styremøte og behandla 27 saker. Styret har innført Referat- og drøftingssaker og Orientering om økonomisituasjonen som faste saker på kvart styremøte. Elles har styret hatt skriftlege saksavklaringar på Asana og/eller e-post undervegs i arbeidsåret. Leiar, nestleiar og økonomiansvarleg har utgjort ei arbeidsgruppe med utvida fullmakter, og har av praktiske årsaker tatt enkelte avgjerder på vegner av styret, og seinare orientert om desse avgjerdene i Referat- og drøftingssaker. 

Styret har elles hatt fokus på oppgradering og vedlikehald av samfunnshuset. Det er gjort noko arbeid på herretoalettet, samt pussa opp i Loftstova og Foajéen. I tillegg har ein fått god oversikt over tilstanden på det elektriske anlegget, og har godt grunnlag for vidare planlegging av utskifting her. Det er også søkt om, og fått innvilga fast skjenkeløyve i 2018.

Utvikling av resultat og stilling:
Nøkkeltal (i heile tusen)2018201720162015201420132012
Driftsinntekter385419405411481441575
Årsresultat-97951641-186-150-77
Totalkapital1.2691.4601.2851.1941.2351.4651.838
Eigenkapital1.2561.3321.238261234420570
Eigenkapitalandel99 %91 %96 %22 %19 %29 %31 %

Driftsinntektene blei noko lågare i 2018 enn i 2017, og med auka driftskostnader har resultatet blitt vesentleg redusert. Dei auka kostnadane skuldast i stor grad utgifter i samband med oppussing, innkjøp av nytt utstyr og reparasjonar på bygget.

Rekneskapen for 2018 blir gjort opp med eit negativt driftsresultat på kr 97.645,67, mot eit positivt driftsresultat på kr 95.243 i 2016. Styret merkar seg at rekneskapen hadde blitt gjort opp med endå større underskot utan driftstilskotet frå Hjelmeland kommune på kr 100.000.

Avskrivingar i 2018 utgjer kr 100.864, mot kr 95.747 i 2017.

Driftsstøtte:

Hjelmeland Samfunnshus SA fekk kommunal driftsstøtte frå Hjelmeland kommune på 
kr 100.000 i 2018. Driftsstøtta blei vedtatt av kommunestyret i samband med budsjettet for 2016. Det same beløpet blei utbetalt i 2017 og 2018, utan at det ligg føre noko avtale mellom Hjelmeland kommune og Hjelmeland Samfunnshus SA. Styret ynskjer å gå i dialog med Hjelmeland kommune om å få på plass ein samarbeidsavtale.

Teateret:

Årsmøtet 2017 vedtok å skilja teaterlaget ut av Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag SA. Hjelmeland Samfunnshus SA har sidan årsmøtet berre arbeidd med drift og vedlikehald av Hjelmeland Samfunnshus, og nye Hjelmeland Teater er nå eit samla amatørteaterlag for barn, ungdom og vaksne.

I april 2018 godkjende styret i Hjelmeland Samfunnshus SA eit utkast til samarbeidsavtale med Hjelmeland Teater, der forholda mellom dei to laga er regulerte, for å sikra eit best mogleg samarbeid i tida framover. 2018 var det 35. året med amatørteater på Hjelmeland Samfunnshus.

Kino:

I 2018 har det vore drift av kino på Hjelmeland Samfunnshus, eit arbeid som blei starta opp hausten 2017. Bygdekinoen (v/Film & Kino) har inngått avtale om visning av to filmar kvar månad i heile 2018, og tilbodet er finansiert av Frivilligfondet til Hjelmeland kommune. 

I 2018 har det vore vist 25 filmar, med eit gjennomsnitt på vel 61 betalande pr. film. Dette prosjektet har fortsett også i 2019.

Nye, faste aktivitetar:

På styremøtet 25. juni 2018 blei det vedtatt oppstart av tre faste, månadlege aktivitetar med føremål å få opp aktiviteten på Samfunnshuset. Dette er Ungdomsklubben for aldersgruppa 13-18 år, Strikkekaféen (for alle alderstrinn) og pubkveldar. Ungdomsklubben fekk i desember 2018 til saman kr. 50 000,- i oppstartsstøtte frå Hjelmeland kommune sitt Frivilligfond og Sparebank 1 SR-bank, og hadde første klubbkveld 5. oktober 2018. Pubkveldane og Strikkekaféen har hatt varierande oppmøte, mens Ungdomsklubben har hatt ca. 50–70 besøkande kvar gong.

Opne arrangement i eigen regi:
  • 27. januar: Maleniusprisen 2017 – saman med Hjelmeland Storband og Rygjaljom
  • 7. juni: Årsmøte i Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag SA
  • 23. august: På ski over Grønland – bildeforedrag ved Karen Malena Kyllesø   
  • 27. oktober: Loppemarknad

Større opne arrangement ved utleige:

  • 1. og 18. mars: «Å velta ei ku» – spelefilm av Hjelmeland Teater og Hetland Media
  • 15.–17. mars: «Her er mitt liv» – Hjelmeland Teater
  • 28. og 29. april: «Ronja Røverdatter» – Hjelmeland Teater
  • 17. mai: Nasjonaldagsfeiring for Askvik krins – 17. mai-komitéen i Askvik
  • 18. oktober: Konsert med Bjørn Eidsvåg – Hjelmeland kommune
  • 24. november: Humorbattle 2018 – Hjelmeland Teater
  • 20. desember: Juleverkstad – Hjelmeland Teater
Oppsummering:

Styret meiner at årsmeldinga og årsrekneskapen gjev eit korrekt bilete av Hjelmeland Samfunnshus SA sin aktivitet, eigendelar og gjeld, finansielle stilling og resultat. 

På bakgrunn av dette meiner styret at det er grunnlag for vidare drift, men understrekar viktigheita av å halda fram arbeidet med å kutta kostnader og auka inntektene ved å skapa og leggja til rette for stadig meir aktivitet på Hjelmeland Samfunnshus. 

Hjelmeland, 31.12.2018/17.06.2019

Leif Velde-Johannessen
styreleiar

Edel Gausland
styremedlem

Marianne Hausken Olsen
nestleiar

Morten Hetland
økonomiansvarleg

Krister Seljeset
styremedlem

Årsmelding for 2017

Om selskapet:

Hjelmeland Samfunnshus SA er eit non-profitt-føretak som driv utleige av Hjelmeland Samfunnshus til opne og lukka arrangement i regi av eksterne aktørar, samt arrangerer eigne kulturarrangement. Alle inntekter går til vidare drift, vedlikehald og oppgradering av Hjelmeland Samfunnshus. 

Styret:

Hjelmeland Samfunnshus SA har ikkje tilsette. Alt arbeid blir gjort på dugnad av styret og andre frivillige, med unntak av noko innleigt arbeidskraft til administrasjon og rekneskapsføring.

Årsmøtet valde 6. juni 2017 følgjande styremedlemmer: Stig Almenningen (styreleiar), Morten Hetland (nestleiar), Judith Synnøve Svendsen (økonomiansvarleg), Marianne Hausken Olsen, Hilde Hauge, Henrik Smith (1. vara) og Martin Bischoff  (2. vara). 

Stig Almenningen trekte seg som styreleiar 3. april 2018, og Morten Hetland og Judith Synnøve Svendsen fungerte som høvesvis leiar og nestleiar fram til ordinært årsmøte.

Styret har i perioden juni 2017 – juni 2018 hatt seks styremøte og behandla 43 saker. 

Styret har innført Referat- og drøftingssaker og Orientering om økonomisituasjonen som faste saker på kvart styremøte. Elles har styret hatt skriftlege saksavklaringar på Asana og/eller e-post undervegs i arbeidsåret. Leiar, nestleiar og økonomiansvarleg har utgjort ei arbeidsgruppe med utvida fullmakter, og har av praktiske årsaker tatt enkelte avgjerder på vegner av styret, og seinare orientert om desse avgjerdene i Referat- og drøftingssaker.

Utvikling av resultat og stilling:
Nøkkeltal (i heile tusen)2017201620152014201320122011
Driftsinntekter419405411481441575424
Årsresultat951641-186-150-77-179
Totalkapital1.4601.2851.1941.2351.4651.8381.827
Eigenkapital1.3321.238261234420570647
Eigenkapitalandel91 %96 %22 %19 %29 %31 %35 %

Driftsinntektene blei noko høgare i 2017 enn i 2016, men med auka driftskostnader har resultatet blitt noko redusert. Auken i kostnader skuldast i hovudsak at me har hatt ordinære utgifter til straum i 2017, medan laget fekk ekstraordinære tilbakebetalingar frå Lyse AS i 2016. Elles er forsikringspremien omtrent dobla, noko som skuldast at betalinga av premie for både 2017 og 2018 blei gjort i 2017, ved overgang til nytt forsikringsselskap.

Rekneskapen for 2017 blir gjort opp med eit positivt driftsresultat på kr 95.243, mot kr 163.767 i 2016. Styret merkar seg at rekneskapen hadde blitt gjort opp med underskot utan driftstilskotet frå Hjelmeland kommune på kr 100.000.

Avskrivingar i 2017 utgjer kr 95.747, mot kr 90.100 i 2016.

Driftsstøtte:

Hjelmeland Samfunnshus SA fekk kommunal driftsstøtte frå Hjelmeland kommune på 
kr 100.000 i 2017. Driftsstøtta blei vedtatt av kommunestyret i samband med budsjettet for 
2016. Det same beløpet blei utbetalt i 2017, utan at det ligg føre noko avtale mellom Hjelmeland kommune og Hjelmeland Samfunnshus SA. Styret ynskjer å gå i dialog med Hjelmeland kommune om å få på plass ein samarbeidsavtale.

Teateret:

Årsmøtet vedtok 6. juni 2017 å skilja teaterlaget ut av Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag SA. Hjelmeland Samfunnshus SA har sidan årsmøtet berre arbeidd med drift og vedlikehald av Hjelmeland Samfunnshus, og nye Hjelmeland Teater er nå eit samla amatørteaterlag for barn, ungdom og vaksne. I april 2018 godkjende styret i Hjelmeland Samfunnshus SA eit utkast til samarbeidsavtale med Hjelmeland Teater, der forholda mellom dei to laga er regulerte, for å sikra eit best mogleg samarbeid i tida framover.

Kino:

Hausten 2017 blei det arbeidd med å få i stand drift av kino på Hjelmeland Samfunnshus. Bygdekinoen (v/Film & Kino) har inngått avtale om visning om to filmar kvar månad i heile 2018, og tilbodet er finansiert av Frivilligfondet til Hjelmeland kommune.

Opne arrangement i eigen regi:
  • 28. januar: Maleniusgalla, samarbeid med Rygjaljom og Hjelmeland Storband
  • 11. mars: «Syng med oss!», samarbeid med det lokale bandet Stjernestøv
  • 18. mars: Loppemarknad
  • 6. juni: Årsmøte i Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag SA 
  • 16. desember: Bygdajulebord
Større opne arrangement ved utleige:
  • 7. januar: «Dvaske Menn – rir igjen», show med Anders Smith, Magnar Riveland, Roger Sjursen og Morten Hetland
  • 10. januar: Folkemøte om eventuell kommunesamanslåing med Strand og Forsand
  • 19. januar: «Klimadrama», teaterframsyning med Hjelmeland Ungdomsteater
  • 1. april: «Damenes aften»
  • 28.–30. april: «Løvenes konge», teaterframsyning med Hjelmeland Ungdomsteater
  • 17. mai: Nasjonaldagsfeiring for Askvik krins
  • 29. september: «Det er ikke mer synd på deg enn andre», føredrag ved Ingvard Wilhelmsen
  • 10. desember: «No er det jul, igjen!», teaterframsyning med Hjelmeland Teater
Oppsummering:

Styret meiner at årsmeldinga og årsrekneskapen gjev eit korrekt bilete av Hjelmeland Samfunnshus SA sin aktivitet, eigendelar og gjeld, finansielle stilling og resultat. 
På bakgrunn av dette meiner styret at det er grunnlag for vidare drift, men understrekar viktigheita av å halda fram arbeidet med å kutta kostnader og auka inntektene ved å skapa og leggja til rette for stadig meir aktivitet på Hjelmeland Samfunnshus. 

Hjelmeland, 31.12.2017/07.06.2018

Morten Hetland
fungerande styreleiar

Marianne Hausken Olsen
styremedlem

Judith Synnøve Svendsen
fungerande nestleiar

Hilde Hauge
styremedlem

Henrik Smith
styremedlem

Årsmelding for 2016

Om selskapet:

Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag SA er eit non-profitt-føretak, som arrangerer teaterframsyningar og andre kulturarrangement på Hjelmeland Samfunnshus, samt driv utleige av Hjelmeland Samfunnshus til opne og lukka arrangement i regi av eksterne aktørar. Alle inntekter går til vidare drift, vedlikehald og oppgraderingar av Hjelmeland Samfunnshus. 

Styret:

Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag SA har ikkje tilsette. Alt arbeid blir gjort på dugnad av styret og andre frivillige, med unntak av noko innleigt arbeidskraft.

Styret har sidan årsmøtet 10. mai 2016 bestått av Stig Almenningen (styreleiar), Hilde Hauge, Roger Sjursen, Solfrid Kleppa og Martin Bischoff.

Utvikling av resultat og stilling:
Nøkkeltal (i heile tusen)2016201520142013201220112010
Driftsinntekter405411481441575424310
Årsresultat1641-186-150-77-179-290
Totalkapital1.2851.1941.2351.4651.8381.8271.765
Eigenkapital438261234420570647826
Eigenkapitalandel34 %22 %19 %29 %31 %35 %46 %

Sjølv om driftsinntektene har gått noko ned sidan 2015, har resultatet auka kraftig. Rekneskapen for 2016 blir gjort opp med eit positivt driftsresultat på kr 163.767, mot kr 1.430 i 2015. Det er særleg kutta lønnskostnader (kr 68.000) og kreditering av for mykje innbetalte straumkostnader tidlegare år (kr 92.165 + mva.) som bidrar til den kraftige resultatforbetringa.

Avskrivingar i 2016 utgjer kr 90.100, mot kr 92.500 i 2015.

Styret meiner at årsrekneskapen gjev eit korrekt bilete av Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag SA sine eigendelar og gjeld, finansielle stilling og resultat. På bakgrunn av dette meiner styret at det er grunnlag for vidare drift, men understrekar viktigheita av å halda fram arbeidet med å kutta kostnader og auka inntektene ved å skapa og leggja til rette for stadig meir aktivitet på Hjelmeland Samfunnshus. 

Utleige, servering og tilrettelegging av arrangement:

Inntekter frå utleige, servering av mat og drikke, samt tilrettelegging av arrangement utgjer kr 160.381,39 i 2016, som er ein nedgang frå kr 183.184,45 i 2015. Største leigetakarar har vore Hjelmeland kommune, Hjelmeland Ungdomsteater, Marine Harvest Norway og Norsk Frukt- og Laksefest.

Driftsstøtte:

Nytt av 2016 var utbetaling av kommunal driftsstøtte frå Hjelmeland kommune på kr 100.000. Driftsstøtta er vedtatt av kommunestyret i samband med budsjettet for 2016, utan at det ligg føre noko avtale mellom Hjelmeland kommune og Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag SA. 

Teateret:

I juni 2016 oppretta styret ein teaterkomité, som fekk overdratt kunstnarisk og økonomisk ansvar for alle teaterframsyningar i regi av Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag SA. Teaterkomitéen har fullt kunstnarisk ansvar, men styret krev førehandsgodkjenning av budsjett.

Teaterkomitéen for teateråret 2016/2017 består av Morten Hetland (leiar), Laila Øvrehus, Tone Smith, Judith Synnøve Svendsen og Hilde Hauge (observatør frå styret).

Teaterkomitéen blei òg bedt om å utgreia SWOT-analyse for å skilja Teaterlaget frå Hjelmeland Samfunnshus. Denne blei lagt fram for styret innan utgangen av 2016, og tilråding blir lagt fram for ordinært årsmøte i juni 2017.

Teaterkomitéen valde å setja opp lokalrevy som hovudframsyning i teateråret 2016/2017. Premieren på «Hjelmelandsrevyen 2016: Snipp, snapp, snute…?» blei vist på Samfunnshuset torsdag 26. november 2016, med framsyningar 27. og 28. november (laurdagsframsyninga med pub og dans).

Morten Hetland (leiar i Teaterkomitéen) fungerte som produsent, mens Laila Øvrehus og Kristin Barvik var instruktørar. Anders Smith var kapellmeister, mens Henrik Smith var lys- og lydansvarleg. Framsyninga hadde billettinntekter på kr 128.100 (kr 1.900 under budsjett), og utgiftene låg langt under dei budsjetterte utgiftene (kr 15.000). I tillegg kjem eit lite overskot frå sal i baren.

I august 2016 monterte Hjelmeland Ungdomsteater nye LED-lyskastarar i lysriggen over scenen. Desse gav teknikarane våre større fleksibilitet og kunstnarisk fridom til å setja lyset, samtidig som det er venta at investeringa (som er dekt av Ungdomsteateret) vil føra til reduserte straumutgifter, grunna overgang frå straumkrevjande halogen-lyskastarar til straumgjerrige LED-lyskastarar. 

Teaterkomitéen arrangerte to-tre opne pubkveldar i løpet av året. Det var 5-8 frammøte kvar gong, og stort sett berre medverkande i revyen. Tiltaket var sosialt og blei godt mottatt, sjølv om det var få frammøtte.

Leiar i Teaterkomitéen og mangeårig eldsjel i teatermiljøet, Morten Hetland, fekk i desember 2016 tildelt Hjelmeland kommune sin Kulturpris.

Teaterkomitéen har ikkje planar om fleire framsyningar i teateråret 2016/2017, men har utarbeidd forslag til program for dei neste to-tre teateråra.

Opne arrangement i eigen regi:
  • 30. januar: Maleniusgalla, samarbeid med Rygjaljom og Hjelmeland Storband
  • 10. mai: Årsmøte i Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag SA 
  • 24. juni: Idékveld for Hjelmelandsrevyen
  • 19. august: Pubkveld med teatersport 
  • 21. august: Revysamling for Hjelmelandsrevyen
  • 23. september: Pubkveld med teatersport
  • 26.–28. november: «Hjelmelandsrevyen 2016: Snipp, snapp, snute…?»
Større opne arrangement i andre sin regi:
  • 4. mars: «Fifty Shades of Hansen», stand-up med Hans Morten Hansen
  • 29.–30. april: «Mord over ein låg sko», kriminalkomedie med Hjelmeland Ungdomsteater
  • 3. november: «Farvel du moder Norge», syngjespel med songkoret Gullgutane 
  • 30. desember: «Dvaske Menn – rir igjen», show med Anders Smith, Magnar Riveland, Roger Sjursen og Morten Hetland

Hjelmeland, 31.12.2016/21.08.2017

Stig Almenningen
styreleiar

Hilde Hauge
styremedlem

Morten Hetland
nestleiar

Judith Synnøve Svendsen
økonomiansvarleg

Marianne Hausken Olsen
styremedlem