Laurdag inviterte Hjelmeland Samfunnshus for sjette gong til Maleniusgalla saman med Hjelmeland Storband og blandakoret Rygjaljom.

Storbandet og koret bidrog med fengjande og flott musikk, og i tillegg fekk fleire lokale og mindre lokale songstjerner skina med mikrofonen i handa.

Juryformann i Maleniusgallaen, Magnar Riveland, leia publikum elegant gjennom kvelden, med tre-rettars middag frå Kniv & Gaffel AS, og delte ut fleire Malenius-prisar før kveldens høgdepunkt: «Årets hjelmelandsbu 2017».

Prisen som årets sauesankar og årets hjelmelandsbu gjekk til Christer Mæhle, som sette Hjelmeland på kartet då fleire riksmedia omtalte at to av sauene hans brått hadde dukka opp igjen som ulldottar, etter to år i heia.

Mæhle takka hjarteleg for prisen, men understreka:

– Det står årets hjelmelandsbu på diplomet, men det er feil. Eg er årdalsbu!

This slideshow requires JavaScript.

Kategori: Aktuelt

Tilknytta saker:

Aktuelt

Bygdekinoen i Hjelmeland

Hjelmeland Samfunnshus er vertskap for to kinofilmar éin sundag i månaden i heile 2018.

Aktuelt

Velkommen til bygdajulebord

Ta med bedrifta, kollegaer, sambuar, ektefelle, naboer og venner på god stemning på Hjelmeland Samfunnshus laurdag 16. desember.

Aktuelt

Felles løft for Samfunnshuset

Styret i Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag SA har i løpet av dei siste åra greidd å snu den svært anstrengte økonomiske situasjonen.