Hjelmeland Samfunnshus er vertskap for to kinofilmar éin sundag i månaden i heile 2018.

Kinodrifta i 2018 er mogleg takka vera samarbeidet med Bygdekinoen til Film & Kino, og ikkje minst med økonomisk støtte frå frivilligfondet til Hjelmeland kommune. Dersom interessa er høg i prøveåret, vil me sjølvsagt drifta kinotilbodet vidare.

Open kiosk (kort eller kontant) med brus, snop, sjokolade, slikkepinne og salt snacks.

Billettsal i døra (kort eller kontant). Prisar: kr 90 for 17:00-filmen / kr 110 for 19:00-filmen.
(Merk endra visningstider frå og med februar: 17:00 og 19:00.)

Tips: Er du mellom 13 og 18 år, kan du bruka Hjelmeland kommune sitt tilbod om ungdomstaxi for å koma deg til og frå kinoen.

PROGRAM:

Kategorier: Aktuelt