STYRET: Det nye styret i Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag er ein god miks av både gamle og nye medlemmer. Frå venstre: Henrik Smith, Martin Bischoff, Stig Almenningen (leiar), Hilde Hauge, Judith Synnøve Svendsen og Morten Hetland. Marianne Hausken Olsen var ikkje til stades då biletet blei tatt. (Foto: Laila Øvrehus)

Styret i Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag SA har i løpet av dei siste åra greidd å snu den svært anstrengte økonomiske situasjonen.

For berre nokre år sidan hadde laget over éin million kroner i gjeld. No er laget endeleg gjeldsfritt, og har i tillegg oppsparte midlar på konto.

Det ligg hardt arbeid, mange dugnadstimar og mykje godvilje bak å betra økonomien så kraftig på så få år, og dei avgåtte styremedlemmene har gjort ein viktig innsats for å sikra framtida til Samfunnshuset. Me takkar særleg Roger Sjursen, som no går ut av styret etter ei årrekkje som leiar og styremedlem.

I tillegg til den økonomiske snuoperasjonen, har fleire suksessrike teaterframsyningar ført til at pilene peikar oppover for både økonomien og aktiviteten på Samfunnshuset. Det nyvalde styret kan likevel ikkje kvila på laurbæra, og må stadig jobba for å skaffa nye inntekter og redusera utgiftene.

Det å drifta eit såpass stort grendahus – Hjelmeland si storstove – er svært kostnadskrevjande. Hjelmeland Samfunnshus har òg behov for fleire større og kostnadskrevjande investeringar som på sikt gjerast, for å trygga og styrka vidare drift.

 

Styret for 2017/2018 består av:
Stig Almenningen – leiar
Morten Hetland – nestleiar
Judith Synnøve Svendsen – økonomiansvarleg
Marianne Hausken Olsen – styremedlem
Hilde Hauge – styremedlem
Henrik Smith – 1. varastyremedlem
Martin Bischoff – 2. varastyremedlem

Styret har sitt konstituerande møte 26. juni, og vil då staka ut kursen for det vidare arbeidet. Blant forslaga som har blitt drøfta, er å henta inn sponsorar og medlemmer, skilja ut Teaterlaget, setja i verk fleire straumsparande tiltak og utprøving av arrangement-konsept.

Kategorier: Aktuelt