RUTINERT FORSONGAR: Bjørn Sandvik Nessa er éin av forsongarane på «Syng med oss». (Foto: Morten Hetland)

I løpet av påskeferien arrangerer Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag både «Syng med oss» og «Påsketreff».

I staden for å bukka under for ein skrantande økonomi, har Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag fått motivasjon og inspirasjon til å stella i stand trivelege, sosiale arrangement for både fastbuande og tilreisande i Hjelmeland.

Det første arrangementet i påskeferien blir «Syng med oss», som blir arrangert fredag 27. mars i kjent «Da Capo»-stil, men lun humor og mykje god musikk. Magnar Riveland er konferansier og skøyar, og lovar å leia publikum med glans gjennom ein triveleg kveld.

– Me håpar at særleg den eldre garden set pris på denne typen arrangement, der det blir høve til å kjøpa noko godt i baren utan at me legg opp til fullefest til langt utpå kvelden, fortel Morten Hetland i «Syng med oss»-komitéen.

Eit heilt orkester, med musikarar som Johan Hiim og István Horváth i spissen, hjelper dei lokale songarane gjennom omkring 20 songskattar frå 50-, 60- og 70-talet. Encuentra el mejor casino en línea game casino free download ¡y gana dinero real! Rita Sørensen, Bjørn Sandvik Nessa, Judith Synnøve Svendsen og Morten Hetland syng svisker som «Sønnavindsvalsen», «Jørgen Hattemaker», «Den store dagen» og «I Love You Because».

Onsdag 1. april er det duka for «Påsketreff», eller såkalla «after ski»: Ein uformell og sosial møteplass, der me legg opp til konkurransar og lettbeint underhaldning, med god drøs rundt borda.

– Viss folk set pris på arbeidet som blir gjort av Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag, og vil at det framleis skal vera eit Samfunnshus og Teaterlag i Hjelmeland kommune, gjer ein lurt i å koma på desse arrangementa og støtta opp om arbeidet som blir gjort.

Kategori: Aktuelt

Tilknytta saker:

Aktuelt

Vel blåst Maleniusgalla

Laurdag inviterte Hjelmeland Samfunnshus for sjette gong til Maleniusgalla saman med Hjelmeland Storband og blandakoret Rygjaljom.

Aktuelt

Bygdekinoen i Hjelmeland

Hjelmeland Samfunnshus er vertskap for to kinofilmar éin sundag i månaden i heile 2018.

Aktuelt

Velkommen til bygdajulebord

Ta med bedrifta, kollegaer, sambuar, ektefelle, naboer og venner på god stemning på Hjelmeland Samfunnshus laurdag 16. desember.