FORVENTINGSFULL: Roger Sjursen, styreleiar i Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag, forventar at bygdefolket tek utfordringa og melder seg på som deltakarar i humorbattle på Hjelmeland Samfunnshus laurdag 30. august.

Kvifor er det berre ektefellen, naboen, kollegaen eller bikkja di som skal få nyta vitsane dine? Kunne du tenkja deg å setja på plass tøysekoppane i nabobygdene? Bli med på humorbattle då vel!

Laurdag 30. august er det duka for ein heidundrande humorkamp på Hjelmeland Samfunnshus!

Endeleg får lokale moroklumpar konkurrera i vitsemakeri mot nabobygdenes artigperar. Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag stryk sceneteppet, pussar lyskastarane og dekkjer til humorbattle, ein konkurranse der bygdene i Hjelmeland kommune har muligheit til å bli kåra til “Hjelmelands mest humoristiske bygd” for eitt år.

Stavanger-komikar Rune Bjerga leiar forsamlinga gjennom kvelden, der dei ulike bygdene får presentera sine innslag. Bjerga underheld òg med sitt eige materiale. Til slutt blir den mest humoristiske bygda kåra – garantert ikkje utan ellevill jubel og overdøyvande  protestar.

Konseptet er enkelt: Kvar bygd får 12 minutt til å gjera akkurat kva dei vil – alt frå stand-up til å fortelja vitsar og gåter. På desse 12 minutta skal dei (forhåpentlegvis) produsera humor, og galskapen blir vurdert av ein uhilda jury utanfrå kommunen.

Arrangøren jobbar dessutan med å få til ein type mentometerfunksjon, slik at publikum òg kan bidra til avrøystinga.

– Me trur at det er mykje “skaphumor” rundt omkring i kommunen. Humor som folk ikkje har våga å ta fram. Humor som tyt ut her og der, men som aldri har blitt formalisert og fått den arenaen som ein fortener, meiner Roger Sjursen, styreleiar i Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag.

Han trur at det kjem fram mange humoristiske kommentarar blant folk i helgene og i kvardagen, og ynskjer at folk skal komprimera humoren som dukkar opp tilfeldig, og presentera det på scenen på Hjelmeland Samfunnshus.

– Dei gode vitsane treng ikkje vera forbeholdt kona eller naboen, dei bør og koma resten av kommunen til glede, legg Sjursen til, og trekk fram eigenverdien i å tilby ulike arrangement på Samfunnshuset.

– Me ynskjer at det gjennom året skal vera mange ulike typar arrangement på Hjelmeland Samfunnshus, som kan vera for dei fleste, men med litt ulikt preg. Me har Maleniusprisgallaen som både har humor, høgtidelegheit, pomp og prakt. Me har trioen til Morten Hetland, Fredrik Hausken og Rita Sørensen, som no byrjar å bli ein gjengangar. Me har oktoberfest med tysk musikk og muligheit til å slengja litt på rompa. Me har ulike teateroppsetjingar. Me har loppemarknad. Med andre ord: Me ynskjer å ha arrangement gjennom heile året, som folk kjenner igjen og kan kosa seg med, men at det er meir enn berre fest og dans på Samfunnshuset. Me vil ha kulturelle innslag gjennom heile året!

Sjursen er overbevist om at det er mange gode skrønemakarar rundt om i bygdene, men han er overraska over kor få av dei som har meldt seg på. Så langt kan det sjå ut som dei fleste bygdene er meir storkjefta enn handlekraftige.

– Nokre bygder har vore store i kjeften, men me har førebels ikkje fått noko påmelding. Me har heller ikkje høyrt noko frå Hjelmeland ennå. Me lurer dessutan på kor mange bygder det faktisk er. Reknar Vormedalen seg som eiga bygd? Kva med mindre ansamlingar som til dømes Fjellet, er det ei bygd eller ein plass? Nessa, høyrer dei til under Fister? Er Jøsenfjorden og Jøsneset to sider av same sak? Er Trodla-Tysdal ei bygd eller ein gard?

Sjursen konkluderer kjapt og romsleg:

– Me set ingen folketalsgrenser for kva folk skal få kalla ei bygd. Alle er velkomne!

Det er nyttig for eit lokalsamfunn å ha møteplassar, og særskilt møteplassar med innhald. Ekstra kjekt blir det når ein i tillegg kan vera med å delta, og ikkje berre sjå på. Sjursen trur at desto fleire bygder som kjenner tilknyting til Hjelmeland Samfunnshus, desto fleire vil ta turen og bli ein del av huset si framtid. Sjansen for å gå dit seinare, og ta med nokon, auker i takt med dei gode opplevingane.

– Me har ingen fasit på kva som er god bygdekultur, men me ser at nokre arrangement trekk mange folk, medan andre nesten ikkje trekk nokon. Me er heldige som har Samfunnshuset, men me må retta oss etter kva folk vil ha. Av og til veit kanskje ikkje folk sjølv kva dei vil ha, og då kan me tilføra noko nytt og eksotisk. Og sist, men ikkje minst: Økonomien til Samfunnshuset er avhengig av at det kjem folk til arrangementa, avsluttar Roger Sjursen.

Så gjenstår det å sjå om alle bygdeoriginalar og moroklumpar i Hjelmeland tek med seg talentet sitt til Hjelmeland Samfunnshus 30. august. Arrangøreren har allereie ordna med ein lege i salen – det er nemleg store sjansar for at nokon kjem til å le seg i hel.

Kategori: Aktuelt

Tilknytta saker:

Aktuelt

Vel blåst Maleniusgalla

Laurdag inviterte Hjelmeland Samfunnshus for sjette gong til Maleniusgalla saman med Hjelmeland Storband og blandakoret Rygjaljom.

Aktuelt

Bygdekinoen i Hjelmeland

Hjelmeland Samfunnshus er vertskap for to kinofilmar éin sundag i månaden i heile 2018.

Aktuelt

Velkommen til bygdajulebord

Ta med bedrifta, kollegaer, sambuar, ektefelle, naboer og venner på god stemning på Hjelmeland Samfunnshus laurdag 16. desember.