STORSTOVA: Hjelmeland Samfunnshus, storstova i kommunen, blei bygd på dugnad for over 30 år sidan. (Foto: Morten Hetland)

STORSTOVA: Hjelmeland Samfunnshus, storstova i kommunen, blei bygd på dugnad for over 30 år sidan. (Foto: Morten Hetland)

– Kjekke ting er alltid kjekkare i trivelege omgjevnader, seier Roger Sjursen, styreleiar i Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag. No inviterer han hjelmelandsbuar til dugnad på Samfunnshuset 23. og 24. august.

– Hjelmeland Samfunnshus blei bygd på dugnad for over tretti år sidan. No håpar me at innbyggjarane i Hjelmeland vil hjelpast til med å gjera «storstova» endå trivelegare, fortel styreleiar Roger Sjursen, som inviterer til dugnad på Hjelmeland Samfunnshus laurdag 23. august og sundag 24. august, beggje dagane frå klokka 12:00.

Hjelmeland Samfunnshus har blitt godt brukt, og er etter kvart blitt nokre år gammalt. Forsamlingshuset treng stadig oppdateringar – både estetiske og praktiske, men òg for å følgja lovmessige krav. No er det behov for oppgradering både innandørs og utandørs.

– Me vil samlast for å gje Samfunnshuset eit løft. No først handlar det om maling og snikrearbeid for å få eit skikkeleg lydrom, og for at det skal sjå finare ut både inne og ute, forklarer Sjursen.

Dugnaden til helga er berre det første leddet i å gjera Samfunnshuset betre eigna som både selskapslokale og til andre arrangement, men då er det frivillige laget som driftar Samfunnshuset avhengig av økonomisk stønad frå nokre «rike onklar».

Categories: Aktuelt